<- back    
 

Dagsavisen - original article


Landskap
Tekst: ROALD HELGHEIM

 
Musikken til In The Country opnar landskap i oss. Etter det første albumet skreiv eg at han kunne gått inn i eit bergmansk epos om våren. Årstidene skifter, men Morten Qvenild og bandet hans har ikkje valt namnet på bandet tilfeldig. På sitt andre album har Qvenild, Roger Arntzen (bass) og Pål Hausken (trommer, m.m.) med gitarist Marc Ribot på to spor, og Stefan Sundstrøm som syng «Everyone Live Their Life». Det er krydder på eit album der pianisten, komponisten og den musikalske lyrikaren Qvenild også opnar munnen, og syng «Don't Walk Another Mile». Det står godt til dette stemningsfulle albumet, uansett årstid.


Publisert : 05.11.2006