<- back    
 

Dagsavisen - original article


«In The Country» vann jazzpris
Tekst: ROALD HELGHEIM


MOLDE (Dagsavisen): Jazztrioen «In the country» vann Jazzintro-tevlinga som hadde finale i Molde. Bandet hadde konkurranse frå Kung fu trio, Kobert (med vokalist Ingrid Lode) og Platoon. I vinnarbandet spelar Morten Qvenild piano, Roger Arntzen bass og Pål Hausken trommer.

– Namnet på bandet er ikkje eit frieri til country, seier Qvenild, som også er i Molde for å spele med Solveig Slettahjell. Han er også kjend frå ein duo med Susanna Wallumrød, bandet Shining, og spela tidligare med Jaga Jazzist. Jazzintro er eit lanseringsprogram for unge profesjonelle jazzutøvarar. Det er konkurransar på fem av dei største jazzfestivalane med finale i Molde. Som vinnar vil bandet få fleire festivaljobbar og ein norgesturné neste år i regi av Rikskonsertene.


Publisert : 15.07.2004