<- back    
 

Dagsavisen - original article


Jazz på Landet
Tekst: ROALD HELGHEIM


Namnet er In The Country, og med låtar som «Beaver Creek» og «Only The Birds Can See Us» er vi i alle fall ute i naturen, i lag med endå eit ungt norsk jazzband på den lysande sti.

 
Bandet avsluttar like godt med ein klassikar av Georg Friedrich Händel, og vi berre ventar på at Arve Henriksen skal stemme i med sin utrulege strupe, slik vi har høyrt han framføre «Laschia Ch'io Pianga» i andre samanhengar. Det skjer ikkje her, endå han er både produsent og vokal assistent. I staden får vi ein minimalistisk versjon med brettet til Morten Qvenild i stille samspel med bass og trommer, som eit døme på at når stykket er så vakkert, kan du spele det på kva horn du har for handa, fordi det har ein grunnleggjande kvalitet. Det er noko av den same kjensla eg får når eg høyrer det beste i salmeskatten vår, songar som har ein dimensjon i seg uavhengig kor mykje eller lite «åndeleg» teksten måtte vere, skapt i ein augneblink av det ubegripelege vi kallar inspirasjon. Duke Ellington fortalde i eit intervju om korleis det geniale stykket «Mood Indigo» vart til: Han venta på maten.

Sakralt
Dette er refleksjonar under høyring av ei plate som opnar med stykket «Where Can We Go» og har noko av det sakrale i seg som ein kan høyre hos Christian Wallumrød, men som er skapt av bysbarnet Morten Qvenild, pianisten bak det prisvinnande bandet In The Country, som debuterer med albumet «This Was The Pace Of My Heartbeat». Qvenild, bassist Roger Arntzen og trommeslagar Pål Hausken vann jazzintro-prisen i Molde i fjor, og sjefen med bakgrunn i både Jaga Jazzist, Shining, Slow Motion Quintet (Slettahjell) og det magiske orkesteret til Susanna Wallumrød, melde at dette frå no var hans viktigaste satsingsområde. Han likar Paul Bley og Svein Finnerud, og vi kjøper det også mens vi lyttar til Ryan Adams' fine «In My Time Of Need», og les at Qvenild også er hypp på Bob Dylan og Dolly Parton. Ut av alle indre og ytre kjelder har In The Country laga noko stillferdig, vakkert og inderleg, som kunne gått i inn i eit bergmansk epos om våren – i eit hus på landet, der brisen berre innimellom slamrar litt med dørene.


Publisert : 06.03.2005